Scroll Top

Bryt støymuren!

– Eit år har gått sidan dei blå partia inntok regjeringskontora. Me var alle førebudde på at Siv og Erna ville gjera radikale endringar. Men ingen av oss hadde vel førestilt oss kor kjapt det skulle gå. I løpet av eit år har dei angripe den eine sektoren etter den andre. Slik starta avslutningsappellen til Heidi Lunderberg leiar av Handelskampanjen, som en ein dugnad mellom fleire NSF medlem.

Regjeringa vil rasere arbeidsmiljølova; bytte faste tilsetjingar med midlertidige; setje norske gardar på børsen; gje skattelette til dei rikaste; legge ned aviser, kunst og kulturliv; og kneble den kritiske debatten om norsk utanrikspolitikk for å nemne noko.

Det er ein revolusjon – sa landbrukets Christian Anton i beste sendetid. Det er ikkje mindre endringar, men ei total omvending av den samfunnsmodellen me kjenner. Dei fører oss baklengs inn i framtida – har fagrørsla sagt. Dette er ikkje nye idear som vil modernisere Noreg, men gamaldags elendighet som vil føre oss tilbake i tid til den gong alt handla om pengelapp og etternamn med klang av gamal kapital.

Dei vil gje oss fridom, seier regjeringa. Uføre blir så frie at dei slepp ta hand om borna sine, bønder så frie at dei slepp å produsere det dei har mest lyst til, kassadame så fri at ho slepp å ha sundagsfri og avisene så frie at dei får kopiere NTB saker i staden for å drive gravande journalistikk. Fridom, seier regjeringa, fridom.

To ord kjem spontant opp i ein kvar norsk munn når nokon seier fridom. Uavhengig av klasse, stad kjønn eller politisk overtyding så har me alle gjennom skulevesenet lært oss to ord som ubevisst trillar ut av munnen vår etter me har sagt fridom, som om det skulle eit ord, ein kropp, ei verd.

Fridom, likskap, brorskap.

Det er ikkje skattelette og sundagsope som kjem fram når me seier fridom, men desse uendeleg djupe orda likskap og brorskap. Fridom avheng av likskap, og likskap avheng av systerskap. Dei heng unekteleg saman desse tre måla. Fridom, likskap og brorskap.

Globaliseringskonferansen 2014 har handla om fridom og lært oss nye måtar å oppnå likskap. I løpet av helga har me lært korleis me skal sørgje for at alle skal ha like moglegheiter til å lukkast her i livet. Eg er ikkje fri om eg ikkje har like moglegheiter som Helene, eg er ikkje fri om eg har større moglegheiter heller.

Den blå regjeringa kjem ikkje til å lukkast. Den får ikkje fleirtal i Stortinget til å gjennomføre revolusjonen sin – om me gjer jobben vår. Jobben vår er å dele. Me må dele den kunnskapen og det engasjementet me har fått av denne konferansen, med organisasjonen vår, med lokallaget, sentralstyret og tilsette. Våre organisasjonar er mektige aktørar med mange medlem og stemmer som Stortinget vil høyre på. Men det held ikkje med det. Me må ha med fleire organisasjonar, fleire forbund. Alliansebygging må vere prioritert i tida framover om me skal lukkast. For fridom og likskap er unekteleg knytt til brorskap. Me må vere rause nok til å sjå bort frå historiske usemjer og meiningsforskjellar om me skal verne om likskap og fridom. M må vere like rause mot kvarandre som ein kan vere akkurat mot ei syster eller ein bror. Og me må opne augene i solidaritet med andre. Akkurat som fagrørsla og bonderørsla gjorde i vår. Og så må me våge å engasjere også utanfor organisasjonslivet. Me må våge å snakke med tanta vår, naboen eller baristaen medan me ventar på kaffien. Om me klarar å mobilisere folk flest – då vil Stortinget forstå at det ikkje er ein god ide å gå baklengs inn i fortida.

 

Om regjeringa held fram på sama viset, vil den ikkje sitja lenge. Høgst tre år til, kanskje endå mindre. Etterpå får me ei regjering med fargeinnslag av raudt, grønt eller gult. Me har alle regjeringsfargane friskt i minne. Lat oss ikkje gløyme dei kampane me har hatt med andre regjeringar, men arbeide for å opne solidaritetshaldningane blant dei opposisjonelle partia.

Me må vere ærlege å sei at utanrikspolitikken ikkje har endra seg stort med regjeringsskiftet. Norsk utanrikspolitikk har vore den same i lang tid. Noreg har blitt ein skurk i verda.

Norge gjev folk i undertrykkande regime fridom ved å angripe, me gjev fattige fridom til å bytte maisen sin med mobiltelefonar på den internasjonale marknaden, og me frir folk frå å arbeide på sin eigen jordlapp ved at dei heller kan arbeide på jordlappen til eit storselskap. Politikken er den same uavhengig av regjering: næringslivsinvesteringar vil gje økonomisk vekst som på mirakuløst vist får folk ut av fattigdom.

Våre gjester frå Irak, Argentina, Angola og Hellas har i løpet av helga lært oss at Noreg fråtek fridom, snarare enn å gje. Norsk næringsliv vil sannsynlegvis alltid tene pengar på fattigdom og elendighet, men at norske utanriksministrar kan sei at det er greitt uavhengig av farge, bør gje oss eit skikkeleg spark bak. Så langt har denne ideen om norsk næringsliv som samaritan gått, at me til og med tar bistandspengar bort frå sivilsamfunnsorganisasjonar i Sør og gjev dei til norske bedrifter. Me gjev bistandspengar til norske og utanlandske bedrifter!

Me må skjerpe vårt informasjonsarbeid om norsk utanrikspolitikk framover og bryte lydmuren. Me har eit ansvar for å skulere og engasjere våre folkevalde, slik at eit regjeringsskifte også inneber eit utanrikspolitisk skifte. Som Amy Goodman understreka i går, er informasjon makt. Utan informasjon om kva som faktisk foregår vil ingenting endre seg.

Me har klart å bryte gjennom denne lydmuren før, stansa internasjonal politikk som det var brei politisk semje om. Me kan klare det igjen. Men det krev brorskap – internasjonalt brorskap. Og det krev støy. Det er på tid å kome seg ut i gatene. Saman, samla syster og bror.

Når me står samla, organisasjonar her heime, med organisasjonar internasjonalt, når me vågar oss ut av kontora og ut i gata og bryt støymuren – då er ei anna verd mogleg!

 

 

X
X
X
X