Bilaterale investeringsavtalar (BIT) vert stadig oftare nytta av storselskap til å saksøke land som skapar politikk til beste for folket gjennom heilt vanlege reguleringar. Land vert dømt for å verne miljøet eller føre ein aktiv nærings- politikk. Målet med dette heftet er at du skal bli nyfiken, få kunnskap og engasjere deg.
Vårt mål er å gjere Noreg BIT-fritt.
Norges Sosiale Forum er tilslutta BIT-Fritt kampanjen organisert av Handelskampanjen. Me krev saman med 25 andre organisasjonar at Noreg:
Seier opp gamle BIT
Noreg har 14 BIT frå 90-talet som alle er gått ut på dato. Regjeringa treng berre sende skriftleg varsel til avtaleparten for at avtalenskal opphøyra.
Ikkje inkluderer BIT i frihandelsavtalane:
Noreg er gjennom EFTA i forhandlingar om frihandelsavtalar over heile verda. Dette skjer bak lukka dører, og avtalane inneheld til vanleg kapittel om investeringsvern. Noreg må gå i spissen for at desse avtalane ikkje inneheld BIT, og reservere seg frå slike kapittel.
Ikkje inngår nye BIT:
Utan å vite konsekvensane, og utan eit klart politisk mandat kan ikkje Noreg inngå fleire avtalar som gir store selskap makt til å overstyre demokratiet. Noreg må bryte forhandlingane om nye BIT med India, Kina, Russland og Ukraina.
Tar initiativ til investorpliktavtalar:
Skal utanlandsk kapital bidra til utvikling må ein sørgje for at selskap ikkje berre får rettar, men også plikter. Mellom pliktene bør det stillast krav til (I) teknologioverføring, (II) bruk av lokal arbeidskraft, (III) høge miljøstandardar og (IV) anstendig arbeidsliv.
BIT-fritt kampanjen
Organisasjonane bak kampanjen BIT-fritt er basert på eit opprop som 25 fag- miljø- solidaritet- og ungdomsorganisasjonar har samla seg om.
Attac Norge, AUF, Changemaker, Fagforbundet, Fellesrådet for Afrika, FIVAS, For Velferdsstaten, FORUT, KrFU, Latin-Amerikagruppene i Norge, Natur og Ungdom, Naturvernforbundet, Nei til EU, Norsk Nærings- og Nytelses- middelarbeiderforbund, Norges Bondelag, Norges Bygdekvinnelag, Norges Sosial Forum, Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Norsk Folkehjelp, Norsk Folke- hjelps solidaritetsungdom, PRESS, RU, Spire, SU og Utviklingsfondet.
Les meir på www.bitfritt.no.
Foto: Nina Skranefjell